26. november arrangerer Vest-Telemark Museum «Arkivdagen» for fyrst gong. Denne kvelden ynskjer me å vise kva som finst i arkivet ved museet. Me serverer kaffe med noko attåt til alle som kjem innom.
Program
18.00:
Dokumentarven i Vest-Telemark
Då den
nye driftsbygningen ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg stod ferdig i 2012,
inneheldt den plass for opptil 3000 hyllemeter arkiv. Museet har sidan etablert
seg som hovudaktøren for privatarkivarbeidet i Vest-Telemark, m.a. gjennom
samarbeidet i Telemarksarkivet. Dag
Rorgemoen fortel om privatarkivsatsinga i Vest-Telemark og krydrar med
smakebitar frå ein gamal obduksjonsprotokoll frå arkivet.
18:30
Nord-Europas største: 1956-1987
1 2009
overtok Vest-Telemark Museum over 4800 foto som viste glimt frå den store
kraftutbygginga som skjedde i regionen på 1950-talet. Fotografen, Jostein
Granlid, hadde fengje oppdraget med å dokumentere arbeidet. Gjerninga
strakk seg heldigvis lengre enn maskiner og stillas. Alle fotografia er
tilgjengelege i eiga mappe på «Digitalt Museum» (www.digitaltmuseum.no), men mange av motiva er enno ikkje identifisert. Tor
Strømme, som sjølv var med på krafteventyret, syner eit utval foto frå
utbygginga, og fortel om storarbeidet som endra heile Vest-Telemark.
19:00 «Fogden drak sig fuld og prostituerede sig»
I romjola 1808 sette Ole Blom seg ned, og skreiv sin eigen sjølvbiografi
der han avslutta med desse orda: «Jeg levede Vel til Aarets Udgang og begyndte
med 1ste Januar 1809 at holde efterstaaende Dagbog hvortil haves idag.» Blom skreiv dagbok fram til 1846,
då han døydde. Han la bak seg ei karriere som skipper, jordbrukar,
sagbruksførar, elveinspektør, forlikskommissær, stortingsmann og ordførar.
I
2014 mottok Vest-Telemark Museum tre dagbøker som tidlegare ikkje hadde vore
studert. Prosjektet med å setje saman alt materialet, og å publisere dette som
ei kronologisk kjeldeskrift, er no i sluttspurten. Johannes
Skarprud frå Kviteseid Historielag fortel om Ole Blom sitt liv og virke.
20.00:
Slutt
Fri
inngang.
Per Ormestøyl 20/11/2015
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar