Ole Blom budde størstedelen av livet på Neset i Kviteseid. |
Allereie på byrjinga av 1900-talet nytta Rikard Berge og Jon Lauritz Qvisling Ole Blom sine dagbøker som kjelde for å skildre samfunnslivet i Øvre Telemark på byrjinga av 1800-talet. Ole Blom var, som B. Blom skriv i 1906, «Pot og Pande» i Kviteseid. Dei mange rollene han hadde, gir eit unikt innblikk i kvardagslivet i samtida.
Ole Blom kom frå ei rik slekt med band til både Lårdal og Kviteseid. Som gutunge mønstra han på som sjømann i Skien, men såg seg snart lei av sjølivet. Han tok over leiinga for sagbruket i Skreosen og Vråliosen – ei stilling han fekk frå onkelen i Skien. Han stod òg i teneste hjå grosserar Hans Møller i Skien, der han fungera som eit mellomledd i handelen med Øvre Telemark. I 1817 flutte han til odelsgarden Neset i Kviteseid, og vart same året utnemnd som fyrste forlikskommissær i Kviteseid.
Eit langt tidsspenn
Ole
Blom bestemte seg for å skrive dagbok på slutten av året 1808. Her presenterte
han seg sjølv gjennom ein kort sjølvbiografi, og sluttar med: «Jeg
levede Vel til Aarets Udgang og begyndte med 1ste Januar 1809
at holde efterstaaende Dagbog hvortil haves idag.» Dagboka skreiv han heilt
fram til sin død i 1846.
Delar av dagboksnotatane
frå 1809-1812, 1817-1821 og 1845-1846 er tidlegare presentert gjennom Berge og
Qvisling si historieskriving. Seinare vart det kjend at det eksisterte fleire
protokollar med Blom sine dagboksnotatar. Dei tre protokollane som vart funne på
Sundet, ein nabogard til Neset der Ole budde størsteparten av livet, inneheld notatar
frå perioden 1821-1834. I tillegg ligg det føre ei rekkje kopiar av brev som
Ole hadde teikna ned. Desse tre protokollane vart gitt i gåve til Vest-Telemark
Museum i 2014. Fram til i dag har museet, i samarbeid med Kviteseid
Historielag, arbeidd med å gjere kjelda tilgjengeleg for publikum, og å gi ut
Ole Blom sine dagbøker samla for fyrste gong.
Mange viktige verv
Det er ikkje berre dei lokale verva og kontaktnetta
som gjer Blom til ein spanande person å studere. Ole Blom representerte
Bratsberg Amt på Stortinget i 1821, 1822 og 1824. Her samarbeidde han med andre
bonderepresentantar frå Øvre-Telemark; Aasmund Nordgaard, Talleiv Huvestad og
Ole Bjørnsen. Skildringane frå denne perioden gir eit unikt innblikk i samtidas
politiske røynde og Ole Blom si oppleving av denne.
Den 29de kom Kongen, om Eftermiddagen Kl 7. Alle Tropper vare opstillede paa begge Sider af Veien og Gaderne fra Opsloe til Pallaiet. Jeg havde en god Plads i et Vindue i Storgaden. Kongen var til Hest og reed i smaat Gallop; Statholderen reed ham nærmest, og derefter en utallig Mængde Officeerer: Uagtet det regnede temelig havde han ikke nogen Overkjole paa. Han hilste venligt til alle Sider, hvorfra ogsaa lød Hurraraab. (Ole Blom sine dagbøker, 29. juli 1821)
Etter
innføringa av formannskapslova i 1837, vart Ole Blom valt til ordførar i
Kviteseid herad. Denne stillinga hadde han fram til 1841. Diverre manglar det
dagboksnotatar frå akkurat denne perioden.
Vann sak mot amtmannen i Høgsterett
Den betente
saka mellom amtmann Wedel-Jarlsberg og Ole Blom er kanskje den enkeltsaka som
har fått størst merksemd i ettertida når det er tale om Ole Blom. Året etter at Ole vart
utnemnd til «første forlikskommissær» i Kviteseid i 1817, forsøkte amtmannen å trekkje
stillinga tilbake. Blom nekta å fjerne seg då det ikkje fanst nokon årsak til
kvifor stillinga skulle fråfalle han. Det vart oppretta ei sak som gjekk like
til Høgsterett. Der tapte amtmannen i 1820 og måtte bere saka sine
omkostningar. Ole sat på stillinga i mange år framover.
Den 7de Junii en af de vigtigste Dage i mit Liv! Jeg var paa Hvidesøe til mod Aften, da jeg kom Hjem modtog jeg Brev fra advocat Hjelm og Hans Juell fra Christiania at jeg havde vundet min Sag med Amtmanden, og det saaledes, at Amtmanden skulle betale alle Sagens Omkostninger; jeg reiste derpaa atter til Hvidesøe for at glæde Zetlitz med denne Tidende, var der en Stund og reiste Hjem. (Ole Blom sine dagbøker, 7. juni 1820)
Mange historiske skattar
Ole Blom sine dagbøker skildrar både lokale tradisjonar, økonomisk utvikling, og korleis brennevinsforbruket stadig
auka etter brennevinslova av 1816. Skildringane av kvardagslivet i Kviteseid gir
nytt liv til allereie kjende forteljingar om drukningsulukker og drap.
Eit viktig arbeid
Arbeidet
med å gjere Ole Blom sine dagbøker tilgjengeleg for publikum har vore
tidkrevjande. Dei fem protokollane er transkribert og kontrollert. Materialet
er ordna og kommentert av boknemnda, og skal lanserast i to band på til saman kring 800 sider før jol. I boknemnda sit Per Ormestøyl (Prosjektleiar, VTM), Dag
Rorgemoen (VTM), Johannes Skarprud (Kviteseid Historielag), Leif Roholdt
(Kviteseid Historielag).