mandag 23. november 2015

Arkivdag på Vest-Telemark Museum i Eidsborg



26. november arrangerer Vest-Telemark Museum «Arkivdagen» for fyrst gong. Denne kvelden ynskjer me å vise kva som finst i arkivet ved museet. Me serverer kaffe med noko attåt til alle som kjem innom. 

 


Program

18.00: Dokumentarven i Vest-Telemark
 Då den nye driftsbygningen ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg stod ferdig i 2012, inneheldt den plass for opptil 3000 hyllemeter arkiv. Museet har sidan etablert seg som hovudaktøren for privatarkivarbeidet i Vest-Telemark, m.a. gjennom samarbeidet i Telemarksarkivet. Dag Rorgemoen fortel om privatarkivsatsinga i Vest-Telemark og krydrar med smakebitar frå ein gamal obduksjonsprotokoll frå arkivet.

18:30  Nord-Europas største: 1956-1987
1 2009 overtok Vest-Telemark Museum over 4800 foto som viste glimt frå den store kraftutbygginga som skjedde i regionen på 1950-talet. Fotografen, Jostein Granlid,  hadde fengje oppdraget med å dokumentere arbeidet. Gjerninga strakk seg heldigvis lengre enn maskiner og stillas. Alle fotografia er tilgjengelege i eiga mappe på «Digitalt Museum» (www.digitaltmuseum.no), men mange av motiva er enno ikkje identifisert. Tor Strømme, som sjølv var med på krafteventyret, syner eit utval foto frå utbygginga, og fortel om storarbeidet som endra heile Vest-Telemark.

19:00  «Fogden drak sig fuld og prostituerede sig»
I romjola 1808 sette Ole Blom seg ned, og skreiv sin eigen sjølvbiografi der han avslutta med desse orda: «Jeg levede Vel til Aarets Udgang og begyndte med 1ste Januar 1809 at holde efterstaaende Dagbog hvortil haves idag.» Blom skreiv dagbok fram til 1846, då han døydde. Han la bak seg ei karriere som skipper, jordbrukar, sagbruksførar, elveinspektør, forlikskommissær, stortingsmann og ordførar. 

I 2014 mottok Vest-Telemark Museum tre dagbøker som tidlegare ikkje hadde vore studert. Prosjektet med å setje saman alt materialet, og å publisere dette som ei kronologisk kjeldeskrift, er no i sluttspurten. Johannes Skarprud frå Kviteseid Historielag fortel om Ole Blom sitt liv og virke.

20.00: Slutt

Fri inngang.

Per Ormestøyl 20/11/2015

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar